Eskils / Dataforbruk

Sjå status over mobildataforbruk med Talkmore

Geek Repo:Geek Repo

Github PK Tool:Github PK Tool

Dataforbruk

Sjå status over mobildataforbruk med Talkmore. App for iOS + widgets, status bar app til macOS. Denne appen syner diverse statistikk over eigen mobilbruk.

Tilgjengeleg statistikk er:

  • Totalt — kor mykje av tilgjengeleg data som er brukt opp
  • Gjennomsnitt — kor mykje data du har brukt per dag i snitt
  • Sluttsum — kor mykje data du kjem til å bruke ila. månaden med same snittbruk
  • Nytt snitt — kor mykje du kan redusere/auke bruken din med for å bruke opp inkludert data
  • I dag — kor mykje data du har brukt i dag
  • Utløpsdag — Dato for oppbrukt data

Widgets iOS app macOS app Widgets iOS app macOS app

Kom i gang

  • Last ned prosjektet og åpne i Xcode
  • Endre Team i Signing & Certificates
  • Opprett fila Config.plist i gruppa Common og vel alle targets.
    • Legg inn feltet Nummer av typen String med verdien av ditt nummer
    • Legg inn feltet Token av typen String med verdien av accesstokenet frå Talkmore
  • Build & run

Skaff token frå Talkmore

Har ikkje fått til innlogging med brukarnamn og passord. Ein må difor nytte eit token frå Talkmore direkte for å køyre API-kall. Tokenet er av typen JWT og er gyldig i 50 dagar (4.32E+6 sekund). Tokenet må setjast inn i Token-feltet i Common/Config.plist.

Tokenet kan skaffast slik:

  • Gå til Mine sider
  • Opne nettinspektøren (Cmd+I i Safari), gå til Nettverk og XHR/Fetch
  • Logg inn og vent til sida lastar
  • Trykk på fila som har ditt nummer på seg, tokenet er Authorization: Bearer <Token> under Forespørsel. (Vanlegvis begynnar tokenet med “ey”)

Nettverk i nettinspektøren til Safari

About

Sjå status over mobildataforbruk med Talkmore

License:MIT License


Languages

Language:Swift 100.0%